Har du ein god idé?


Kanskje er det nettopp din idé som kan bidra til forbetringar og utvikling av framtidas sjukehus. Vi treng din idé enten du er medarbeidar, pasient, pårørande eller samarbeidspartnar.

Del din idé, så høyrer du frå oss!

Søk om innovasjonsmidlar

Interne innovasjonsmidlar og innovasjonsmidlar frå Helse vest 2021

Helse Førde har løyvd ekstra midlar til innovasjonsarbeid i 2021! Ein kan maksimalt søkje om 150.000 kroner. Alle tilsette i Helse Førde kan søkje på desse midlane.

Helse Førde har nyleg vedteke ein ny Strategi for forsking og innovasjon for perioden 2020-2025. Strategien legg opp til ein betydleg auka aktivitet både innan forsking og innovasjon. Leiinga i Helse Førde har fokus på utviklingsarbeid, og ønskjer med denne utlysinga å stimulere til auka aktivitet innan nyskaping og innovasjon.

Kven kan søke:
Alle tilsette i Helse Førde som har eit pågåande innovasjonsprosjekt, eller ein god ide til nyskapande arbeid.

Søknadsfrist: 22.februar

Heile utlysingsteksten

Søknadsskjema
 
Søknadsfrist Helse vest: 10.mars
Søknadsskjema